Utmarka er gull verd

0
Den fotosyntesebaserte verdiskapinga i utmarka skjer blant anna i form av skogbruk. Foto: Gunnhild Søgaard - NIBIO

Ein ny rapport viser at det kvart år blir tatt ut råvarer frå utmarka i Noreg som er verd nær 6,5 milliardar kroner før vidare bearbeiding.

Landbruks- og matdepartementet

Ein ny rapport viser at det kvart år blir tatt ut råvarer frå utmarka i Noreg som er verd nær 6,5 milliardar kroner før vidare bearbeiding.

Rapporten er laga av forskingsinstituttet NIBIO på oppdrag frå Landbruksdirektoratet. Det er første gong det er gjort ei samla kartleggjing av utmarksressursane her i landet.

– Eg er overtydd om at ressursane i utmarka vil spela ei større rolle i samfunnet i åra som kjem, sa landbruks- og matminister Sandra Borch då rapporten blei presentert på Landbruksdirektoratet sin fagkonferanse i går. – Vi må ha ein god politikk som støttar opp under potensialet for verdiskaping frå desse store og verdifulle ressursane, og vi må gjera det på ein berekraftig måte, understreka ho.

Verdifullt – og konfliktfylt

Kun fem prosent av landarealet i Noreg er oppdyrka eller brukt til bygningar. Resten er utmark. Den fotosyntesebaserte verdiskapinga i utmarka skjer i form av skogbruk, utmarksbeite, reindrift og haustingsbruk som til dømes jakt, fiske og sanking.

Rapporten frå NIBIO gir eit oversyn over status og potensial for denne verdiskapinga, men gjer også greie for konfliktar som kan oppstå mellom ulike interesser og mål når utmarka skal utnyttast.  Også landbruks- og matministeren omtalte dette i sitt innlegg på fagkonferansen.

– Når interessa for utmarksressursane aukar, vil interessemotsetningane skjerpast. Dette gjeld også innafor landbruksfamilien. Vi må derfor ha ei bevisst, fornuftig og aktiv forvalting av utmarksressursane. Vi treng god kunnskap og gode verktøy når interesser skal vegast mot kvarandre. Eg tykkjer at rapporten til NIBIO er eit godt bidrag og eit fundament vi kan basera politikk og forvaltning på framover, sa Sandra Borch.

+ Se flere artikler

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Vennligst skriv inn din kommentar!
Vennligst skriv inn navnet ditt her