Regjeringa vernar 15 skogområde i Vestland, Innlandet og Trøndelag fylke

0
På kartet ser du beliggenheten til de vedtatte verneområdene. Foto: Miljødirektoratet

Pressemelding fra Klima- og Miljødepartementet.

15 skogområder i Innlandet, Vestland og Trøndelag er i statsråd vedtatt vernet som naturreservat.

Områda har høg verneverdi fordi dei omfattar sjeldne og trua naturtypar med stort biologisk mangfald. Alle områda som vert verna i dag er del av ordninga med frivillig vern av privateigd skog.

Regjeringa har vedteke å verne omlag 25,8 km2 med skog. Av dette er 18,3 km2 produktiv skog. 9 av områda er nye naturreservat, mens 6 av områda er utvidingar av eksisterande naturreservat. Områda består av blant anna ulike typar barskog, slik som gran- og furuskog, fleire område med bekkekløfter og ulike lauvskogstypar.

– Områda vi vernar i dag vil bidra i arbeidet med å nå dei nasjonale måla for naturmangfald, målet om vern av 10 prosent av skogarealet og internasjonale mål vi har forplikta oss til, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Noreg har stor variasjon av skog, deriblant skogtypar som er sjeldne internasjonalt. Vern er med på å bidra til å sikre eit nettverk av viktige leveområde for naturmangfaldet i norske skogøkosystem. 48 prosent av artane som er klassifisert som trua på raudlista, lever i skog. Hundrevis av insektartar, soppartar og enkelte fuglar er avhengige av daud ved og gamal skog. Vern av skog er difor særs viktig for å ta vare på norsk naturmangfald. 

Noreg har verna omtrent 5,1 prosent av norsk skogareal og 3,9 prosent av den produktive skogen.

Stor interesse for frivillig skogvern


Frivillig vern betyr at skogeigarar avstår retten til å drive skogbruk i naturreservatet, og vil få erstatning for tapet av framtidig inntekt frå skogbruk i området. Normalt kan aktivitetar som til dømes beite, jakt, fiske og friluftsliv i stor grad fortsetje som før.

Samarbeidet om frivillig vern av privateigd skog starta i 2003, og har vore svært vellukka.

– Eg er glad for at så at mange skogeigarar tilbyr frivillig vern. Utan innsatsen frå skogeigarane og deira organisasjonar hadde vi ikkje fått verna så mykje skog, og det ville vore vanskelegare å ta vare på så mykje natur, seier Rotevatn.

Alle områda i denne runda med vern inngår i arbeidet med frivillig vern av privateigd skog. (I området Nordre Munksjøberget ligg delar av arealet på Opplysningsvesenets fond sin eigedom.)

Viktige naturkvalitetar og trua artar

Områda som er verna i dag har høg verdi fordi dei omfattar sjeldne og trua naturtypar med stort biologisk mangfald.

– Vi skal verne dei viktigaste skogareala for å betre tilhøva for dei trua artane og naturtypane i Noreg, seier Rotevatn.

Bilete av fossefall i Dokkajuvet
Dokkajuvet : Det høgaste fossefallet til Medåa, som er ei sidekløft til Dokka. Foto: Geir Gaarder

Naturkvalitetane i Dokkajuvet ligg i toppsjiktet nasjonalt som elve- og bekkekløftsystem og området vert vurdert som særs viktig og nasjonalt verdifullt. Området består av ei stor og djup bekkekløft der elva Dokka renn i botnen av kløfta. Det er registrert eit høgt tal raudlista artar i denne bekkekløfta.  Totalt er det registrert åtte sterkt trua artar, åtte sårbare artar og 17 nær trua artar. I kløfta hekkar fleire artar klippehekkande rovfugl. Innanfor området har Dokka ein av dei viktigaste gyteplassane for storaurestamma i Randsfjorden. Det inngår fleire sidekløfter til Dokka i verneforslaget bl.a. Kjøljua og Brudalen/Medåa/Skolmdalen, som har høge verneverdiar. Vernet av Dokkajuvet bidreg til at vi får verna ein naturtype som vi i dag ikkje har verna nok av i Noreg.

Bilde av lav på gran
Dokkajuvet: Den svært sjeldne vriskjegg (Bryoria tortuosa) blei funnen på gran ved Kjøljua, ei sidekløft til Dokka. Arten er tidlegare berre registrert nokre få gonger i Skandinavia. Foto: Tom Hellik Hofton

Romsæterberg naturreservat i Stange kommune er ei utviding av Stange naturreservat,  som vart verna i 1923 og er eit av Noregs eldste verneområde. Utvidingsarealet inneheld blant anna gamal granskog. Området er leveområde for fleire artar som lever i gamle gran- og furutre og daud ved.

Bilde av en raudrandkjuke i Romsæterbert naturreservat
Romsæterberget:  Ei raudrandkjuke i Romsæterberg naturreservat. Fotograf Erica Neby.   Foto: Erica Neby

Utvidingsarealet i Halasbukjølen naturreservat er det største området som vert verna i dag. Naturreservatet vart oppretta i 2017. Det står ein del avkappa trestammar med brannsår i området. På desse veks det lavartar som melskjell, tyriskjell, mørk brannstubbelav og lys brannstubbelav. På grantrea som finst i dei rikare områda er det mykje hengelav og raudlisteartane gubbeskjegg og sprikjeskjegg. I området er det mange våtmarksfuglar og skogsfuglar.

Gamle furutre med myr og små tjern
I Halsbukjølen naturreservat finn ein gamle furutre i mosaikk med myr og små tjern. Foto: Erica Neby

Mål og prioriteringar i skogvernet


I tillegg til å bidra til målet om 10 prosent skogvern, vil vernevedtaket og bidra til å nå to nasjonale mål for naturmangfald:
• Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for komande generasjonar.
• Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til trua og nær trua artar og naturtypar skal betrast.

Verneforslaget vil og bidra til å nå FNs berekraftsmål nr. 15 Livet på land.

Det er no verna om lag 5,1 prosent av all skog og 3,9 prosent av den produktive skogen i Noreg.

Fakta: Kva er frivillig skogvern

Les verneforskriftene for alle områda her

Områda som i dag er verna som naturreservat: (Klikk for å sjå kart)

  1. Hopslia naturreservat i Samnanger og Bjørnafjorden kommunar, Vestland
  2. Gulbergnotten naturreservat (utviding) i Ullensvang kommune, Vestland
  3. Nordre Munksjøberget naturreservat i Trysil kommune, Innlandet
  4. Månskjæra naturreservat i Stor-Elvdal kommune, Innlandet
  5. Sjøbekken naturreservat i Stor-Elvdal kommune, Innlandet
  6. Viengskletten naturreservat (utviding) i Stor-Elvdal kommune, Innlandet
  7. Halasbukjølen naturreservat (utviding) i Åmot kommune, Innlandet
  8. Labbdalen naturreservat i Stange kommune, Innlandet
  9. Romsæterberget naturreservat (utviding) i Stange kommune, Innlandet
  10. Svenstad naturreservat (utviding) i Ringebu kommune, Innlandet
  11. Skolldalen naturreservat i Øyer kommune, Innlandet
  12. Dokkajuvet naturreservat i Nordre Land kommune, Innlandet
  13. Skålåsen naturreservat i Østre Toten kommune, Innlandet
  14. Storvika naturreservat (utviding) i Selbu kommune, Trøndelag
  15. Rennsjølia naturreservat i Heim kommune, Trøndelag

Klima- og miljødepartementet

RELATERT

+ Se flere artikler

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Vennligst skriv inn din kommentar!
Vennligst skriv inn navnet ditt her