Gå ein tur på stien i sommar

0
Parker bilen der det er parkeringsplassar og ikkje gå over dyrka mark. Foto: Maria Skjold / SFVL.

Velkomen ut i naturen! Møt innmark og beitemark med respekt.

Statsforvaltaren i Vestland

Mange finn vegen til natur og vakre naturlandskap i sommarhalvåret. Dette er bra både for kropp og sjel. Vi vil minne deg på nokre få reglar for ferdsel: 

  • Bruk etablerte stiar og gå gjennom grindene. Lat att grinda og lat gjerda stå like fine.
  • Gå ikkje over dyrka mark når graset har begynt å vekse.
  • Parker bilen der det er parkeringsplassar, slik at bonden kjem fram med traktor og andre gardsmaskiner.
  • Unngå å parkere bilen på gras. Bilspor vil redusere avlinga. 
  • Nyt gjerne synet av dyr på beite, men hald avstand.

Nyt sommaren og naturen! 

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Vennligst skriv inn din kommentar!
Vennligst skriv inn navnet ditt her